Eg har vore veldig usikker med tanke på mi eiga framtid, men endelig har eg ein plan, ein fastspikra plan. Eg veit kva eg skal gjere dei to neste åra, og det føltast herlig! Eg har hatt det litt vanskelig den siste tida, og vore veldig sliten på fleire måtar. Når eg har kome heim frå skulen har eg vore sliten og sove resten av dagen. Eg har ikkje kunne ha gjort så mykje av det eg sjølv har ville gjere, fordi eg har vore så sliten og fordi eg har såtte oppe lenge om kveldane med lekser og viktige gjeremål.
Dei to siste dagane har vore fantastiske, reine lukkedagar for meg, eller eigentlig den siste veka, om du ser vekk i frå litt sjukdom. På mandag bittelitt før skulen slutta satte eg meg nemmelig på eit fly som skulle ta meg vidare til Oslo, der eg skulle ta flyet til Bodø og vidare til Andenes (Andøya) etter det igjen. Det var ein lang dag ettersom eg reiste litt før klokka 3 og var framme i leiren rundt klokka 11 på kvelden. Eg var småsjuk og sliten, men samtidig glad for å ha kome fram. Det var litt kaldt då eg kom fram, men samtidig då eg vakna var det veldig varmt ute. Eg sov på rom saman med Ingvild ei som også skulle på intervju for læreplass i forsvaret. Ho var kjempehyggelig, noko som gjorde meg litt bekymra då det kun var ein læreplass. Det var ein litt rar følelse å vakne opp der eg vakna, så langt i frå heime, men likevell herlig. Eg var omringa av uniformerte personar.
Ikkje så lenge etter at eg vakna blei eg og Ingvild henta av nokon frå forsvaret som skulle kjøre oss til forsvaret. Det var bittelitt skummelt, men mest av alt veldig spennande, eg har draumt om dette. Eg blei intervjua av tre veldig kjekke personar, men følte uansett at eg kunne har gjort det litt bedre, likevell synast eg at det gjekk heilt greit. Etter intervjuet fekk eg omvisning, veldig spennande. Kvart på to var det uansett tid til å reise heim, då gjekk flyet mitt frå Andøya, etter ein halvtime med fly måtte eg vente i ca 5 timar i Bodø, før eg reiste til Oslo, venta der ein halvtime og så endelig kom heim til min flyplass; Hovden. Eg var ikkje på Hovden før rundt halv 11. Halvfull med feber og med eit hovud som eg trudde skulle eksplodere av sterkt trykk var eg heime, den natta sov eg godt, forferdelig godt.
På torsdag fekk eg endelig svaret eg hadde kryssa fingrane og håpt så sterkt for. Eg fekk telefon av ein av dei som intervjua meg, han fortalte meg at dei hadde bestemmt seg for å gi læreplassen til meg. Eg hadde lyst å skrike av glede, skal fint innrømme at eg kjente ei lita lukketåre frå auget mitt, eg var så glad, så utruleg letta.
Det har endå ikkje gått heilt opp for meg at eg har fått plass som fotograflærling i forsvaret. Eg både håpar og trur det kjem til å bli to fantastiske år, eg treng det.