Oppdatering: Objektivsamling

Det er veldig på tide å oppdatere kamerautstyret mitt no, og her er dei fleste av objektiva mine. Er oppe i 9 stk no, og veldig fornøgd med det.

Men er alltid på utkikk etter fleire skattar. Eg har fire objektiv her som er nye sidan sist eg oppdaterte, så det var på tide.

 

Eit av dei nyaste i samlinga mi, ein Nikkor 85 mm f/1,4.

 

 

Denne er også ein av dei nye, Quantary 28-80 mm f/3,5 - 4,5.

Dette er fortsatt eit av mine favorittobjektiv, den fantastiske Nikkor 50 mm f/1,8.

Blir mykje brukt til portrettfoto og er absolutt eit must have objektiv i samlinga.

Veldig greit objektiv som eg fekk med når eg kjøpte det gamle kameraet mitt i 2009 (?),

Nikkor 18-70mm f/3,5 - 4,5.

Endå eit av dei nyaste objektiva i samlinga, eit Solignor 19-35 mm f/3,5 - 4,5.

Igjenn ein av veteranane, Nikkor 70-300 mm f/4,5 - 6.

 



Og til slutt (av dei eg har bilete av), kjem den siste av nykommerane. Ein Nikkor 135 mm f/2,0

som eg har blitt veldig glad i.

 

Det skal også seiast at eg har ein Nikkor 18-55mm, samt ein Nikkor 70-210mm heime,

dei har eg fortsatt ikkje fått flytta nordover.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar


Image and video hosting by TinyPic
Mitt navn er Linda, eg er 20 år. Eg kjem frå ein liten stad på Vestlandet, og er no ferdig med min fyrstegongstjeneste og fyrste år som lærling. Eg er no andreårslærling i fotograffaget i luftforsvaret i Nord-Noreg, nærare bestemt på Andøya Flystasjon. Trives veldig veldig godt og er glad eg valgte Forsvaret.

Fotointeressa har vore stor i rundt 7 år no, men eg har berre fotografert seriøst med speilrefleks i 5 år. Det eg er mest interessert i, er konsert/festival foto men også portrett og natur. Eg tek på meg fotooppdrag både i fotostudio og andre stadar.

Eg begynte å blogge på denne bloggen for litt over 5(?) år sidan, men det er fyrst no i løpet av dei siste åra at bloggen har blitt rein fotoblogg.

På fritida fotograferar eg for fleire festivalar i tillegg til Eternal Terror, Studenthuset Rokken og Rust Club & Scene.

Eg har også ein annan blogg der eg skriv om alt det andre eg gjer på fritida, den har fått navnet http://www.fivreld.blogg.no.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits